Rundbelg (Rundskolm) Anthýllis vulneraria ( Kidney Vetch ) Erteblomstfamilien

Rundbelg
Denne erteblomsten veks rett opp frå tørr sandgrunn. Han er vanlegast i indre strok av Sogn og Fjordane, men han veks i Nordfjord og, til dømes på Sandane.
Plassering i kart
Rundbelg
Anthyllis er eit gamalt gresk plantenamn som tyder blomst og vulneraria tyder sår
Rundbelg kan bli 15 cm høg. Fleirårig urt med pelerot, mest krypande stengel. Ulikefinna (oddefinna) blad med stor endefinne. Småblada er ovale og heilranda. Blomstrane sit i fleire tettsitjande hovud. Krona er lysegul til oransjegul og 1-2 cm lang. Rundbelg kan opptre i fleire underarter, former og fargevariantar. Blomstrar frå mai til august og veks på kalkholdige tørre bakkar, vegkantar eller berg. Veks opp til 1350 moh på Hardangervidda.
-
Rundbelg Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Rundbelg (Rundskolm) Anthýllis vulneraria ( Kidney Vetch ) Erteblomstfamilien av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.