Sidemeny+

Rauneholten.

Posted on 31. des 2004 by in Jordbruk

Dette er ein fjellstøl til Tretteteig. Han vart nytta berre til geiter. Stølen ligg ute på eit hamrelag under hoggfjellet mot Idlebakkgjelet, rundt 450 moh. Murane etter selet står enno.

Plassering i kart

Vegen opp gjekk i svingar over husa i Tretteteigen og svinga så til slutt til venstre opp mot selet. Denne vegen er no attvaksen og svært vanskeleg å fylgja. Johanna Lassedtr. Tretteteig , fødd 1884, fortalde at då ho var konfirmert, byrja ho som geitebudeia hjå foreldri. Dei støla då på Rauneholten. Ei eldre syster var også med. Det var vel ikkje alle som ville ha klart å vera på ein slik stad. Over seg hadde dei hoggfjellet, og på framsida Idlebakkgjelet. Dei måtte ned i gjelet for å finna vatn, og der var det bratt og farleg for steinsprang. Dei hadde løypestreng frå Rauneholten og ned på garden. Når dei var ferdige med osten for dagen, bles dei i ein neverlur slik at dei der nede i dalen skulle vera klar over at no sende dei ostekjukene ned på strengen. Johanna var truleg den siste som stølte her, for stølen vart nedlagd rundt 1900.

CC BY-NC 4.0 Rauneholten. av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, desember 2004
Kjelder: Bygdebok for Leikanger bind I Stølsregistreringa av 1935 Pridla nr 1 1994, Gjertrud Hatlelid: Utvandrarar frå Tretteteig