Sidemeny+

Raudhyll Kaprifolfamilien (Sambucus racemosa) Red-berried Elder

Posted on 31. des 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Raudhyllbær.

Prydplanten raudhyll har under det siste halve århundre spredt seg raskt til store delar av Sør- og Midt-Noreg. Du kan sjå han lettast når buskene er i blomst eller når frukene er modne.

Plassering i kart

Kjenneteikn
Raudhyll tilhøyrer kaprifolfamilien og er ein opp til fire meter høg busk,
med lys, gråbrun bork. Når raudhyllen får vekse fritt, får buska ei jamn avrunda form.
Blada set motsatt på greinene, og dei
er ulikefinna (har parvise småblad og ein endefinne), med tanna småblad.
Fargen varierar noko med eksponering; tidlig i sesongen er dei ofte litt raudlege i fargen.
Blomstane er små, gulgrøne og set i ein tett, avlang kvast i enden av skota. Fruktene er raude ?bær? (saftige steinfrukter med fleire frø).

Biologi
Raudhyll spreier seg berre ved hjelp av fruktene. Buska er ofte planta i hagar, der dei saftige frukene er blitt fortært av fugl (særlig trast) og så spredt videre ut i terrenget. Raudhyll ser ut til å vekse forholdsvis raskt, og blir etter få år et par meters høg. Den blomstrar allereie som ung plante, på fjorsskot. I innlandsstrøk med låge vinterpempraturar, kan skota fryse tilbake. Den kan vokse i nokså skrinn, tørr og steinete mark, men trivst best på djupare, meir næringsrik

CC BY-NC 4.0 Raudhyll Kaprifolfamilien (Sambucus racemosa) Red-berried Elder av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bendik Fløtre 8a 2008