Moselyng (Cassiope hypnoides)
Moselyng
På turen innover mot Tverrfjellet frå Svartekari veks det moselyng fleire plassar.
Plassering i kart
Moselyng er ein ørliten mørkegrøn lyng med så små og tynne blad at
greinene minner mest om mose.
Den har raudbrunt beger og kvit klokkekrone.
Han finnst i snølæger og våte stader. Vanlig i fjellet over heile landet.
Spesielt i Jotunheimen opp til over 1800 m. Moselyng er kort sagt:
den vakraste lilleputtblomsteren i fjellet.
Moselyng (Cassiope hypnoides) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.