Sidemeny+

Lodnebergknapp (Sedum villosum)

Posted on 29. des 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Lodnebergknapp

Når det gjeld blomstrar i bergknappfamilien, er nok den gule bitter bergknapp lettast å finne i Gloppen. Ein kan gjerne sjå etter lodnebergknapp og om ein ferdast i dei få kalkrike områda i kommunen, som Svarthammaren, Fagredalen eller Utvikfjellet ved Svoda. Lodnebergknapp er ei fleirårig plante som høyrer til bergknappfamilien. Villosum som er ein del av namnet, tyder lodden eller mjukhåra.

Plassering i kart

Utsjånad Lodnebergknapp er ein ganske liten plante og blir berre om lag 5 cm. høg. Den skil seg frå dei andre norske artane i bergknappfamilien ved at den er dekka med korte, klebrige kjertelhår. Blada har ein grøn til raudleg brun farge, og er korgforma. Planten blomstrar i perioden juli- august, med få, raude blomstrar som sitt på toppen av stilken. Sterkast er fargen i renna midt på kornbladet. Utbreiing Lodnebergknapp er ein fjellplante som trivast best på open, kalkhaldig og fuktig jord. Den er ganske vanleg i Noreg sine fjellområde, men ganske sjeldan i Sverige. I Noreg finnast han i Jotunheimen og i Nord- Noreg. Andre leveområde for planten, er Skottland, Færøyane, Island, Grønland og sentraleuropeiske fjellområde.

CC BY-NC 4.0 Lodnebergknapp (Sedum villosum) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Inge Arnestad 9. klasse 2008
Kjelder: Wikipedia