Legesteinfrø, Lækjesteinfrø, Rubladfamilien (Lithospermum officinale) Common gromwell
Legesteinfrø i blomst
Legesteinfrø finst spreidd på Austlandet og i indre fjordstrøk nord til Troms.
På Vestlandet finn vi planten i Lærdal. Lids flora seier at han finst i fjordstrøk frå Eidfjord og Kvam til Luster.
Plassering i kart
Veksestad
Veksestad blir oppgitt til varme og tørre stadar, steinurar ol på kalkrik grunn
Denne planten kom eg over i Lærdal i 2004 om hausten. Eg var med på hjortejakt så det var litt ut på hausten i oktober. Planten hadde nokre knallharde frukter med gråblå farge – sjå bilde. Det vart sendt bilde til Universitetet i både Oslo og Bergen. Frå det holdet var det lite å hente. Dei sa utifrå tilsendt bilde at dette måtte vere ein forvilla hageplante. Også gode botanikarar på høgskulen i Sogndal hadde vanskar med å bestemme planten.
I godt samarbeid med ein naturfaglærar på Firda vidaregåande kom vi fram til at det måtte vere legesteinfrø. No kunne også universitetet i Bergen stadfeste namnet. Planten er ikkje god å finne, men går du opp under fyrste berga som ligg over Helleren ned mot Galdane er du på veksestaden.
-
Fruktene til legesteinfrø er steinharde. Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Larvar (ethmia pusiella) som likar seg på legesteinfrøplanten Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Legesteinfrø, Lækjesteinfrø, Rubladfamilien (Lithospermum officinale) Common gromwell av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.