Kvitveis (Anemòne nemoròsa) Wood Anemone
Typisk vårblomst som dekkjer skogbotnen før trea får bladverket sitt.
Jordstengelen på kvitveisen kryp som ein makk nede i molda. Frå framenden skyt det om våren opp ein stengel som har ein krans med tre 3-delte blad og ein eller stundom eit par blomstrar. Det er ikkje noko speielt beger, og det er berre ein krans blomsterblad, kvite eller stundom lyst fiolette. Den er vanleg i nord og søre Troms, i fjellet opp til 1000 m. Kvitveisen blomstrar i mai gjerne før bladverket på trea kjem for fullt. Blomstren får såleis rikeleg med lys i blomstringsperioden.
Kvitveis (Anemòne nemoròsa) Wood Anemone av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.