Sidemeny+

Kattehale Kattehalefamilien (Lythrum salicaria) Purple-loosestrife

Posted on 29. des 2004 by in Dyreliv, Landskap

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Kattehale eng med mjødurt i framgrunnen

Trur ikkje denne planten veks vilt i Gloppen, men når du køyrer over brua inn til Lærdalsøyri i juli, august, vil du sjå kattefot dekkje heile strandområdet langs Lærdalselva. Planten ligg som eit raudt teppe over våtmarka.

Plassering i kart

Utsjånad
Kattehale er ein fleirårig plante som kan bli 50 ? 150 cm høg. Han trivst best på våte stadar som i strandkanten og på fuktige enger.
Planten har rette, firkanta stenglar, ofte med hår, og ein tjukk treaktig rotstokk. Blada er lansettforma og spisse. Blomsten er purpurraud og veks tett på ein lang akse. Kvar blomster er omlag 2 cm i diameter. Blomstringstida for kattehalen er i juli ? august og varar i ein lang periode fordi blomstrane utviklar seg til ulik tid.

Bruksområder
Kattehalen blir brukt som ein medisinsk urt. Han har vore brukt i århundrar i europeisk folkemedisin. I 1653 blei den kalla ein av dei beste urtene for auga, men i dag er den lite brukt mot augeproblem. Kattehalen kan brukast på sår som ikkje vil gro, til å stoppe diaré hos barn og vaksne, til å stoppe blødning, mageinfeksjonar, sår hals, eksem og mange fleire plagar. Kattehalen har ingen farlege bivirkningar.

Utbreiing
Kattehalen er heimehøyrande i Europa, Nord-Afrika og Asia. Her i Noreg veks kattehalen på Austlandet og langs kysten nordover til Sogn og Sunnfjord. Kattehalen blir også ofte dyrka som ein hageplante og vil då kunne trivast både på tørre og svært fuktige områder.

CC BY-NC 4.0 Kattehale Kattehalefamilien (Lythrum salicaria) Purple-loosestrife av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Daniel Hjohlman Reed2009
Kjelder: Kjelder: rolv.no og NatureGate