Sidemeny+

Issoleie (Ranunculus glacialis) Soleiefamilien

Posted on 14. des 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Issoleie.

Issoleie finn vi fleire stader i Gloppen. På veg opp mot og på Tverrfjellet finn du han. Retteleg ein hardfør plante som er funnen heilt opp mot toppen av Galdhøpiggen. Kronblada er fyrst krittkvite. Etter ei tid blir dei raude.

Plassering i kart

Utsjånad
Issoleie er ein naken (ikkje hårete) saftfull fjellplante med kjøttfulle blad med små flikar. Har såleis ein tjukk, kraftig stilk og blad. Er omlag 10-15 cm høg.
Først på våren er kronblada kvite, men seinare blir den meir tulipanforma og får i tillegg ein lilla eller raud farge. Opptrer i mindre eller større klynger, og er ein viktig beiteplante for rein. Den er ein av dei fjellblomen som veks høgst i Skandinavia. Neste års blomar ligg ferdigutvikla mellom bladstilkane året før. Beger og krone heng på planten utan å visne medan frukta modnast.
Vekseområde
Issoleie veks i fjellområda i Sør-Europa, Skandinavia, Island, Grønland og Svalbard. Kan vekse i opptil 4200 meters høgde. Den veks på små jord-/moseflekkar innimellom steinar. Grus og snøleier er og eit populært vekseområde.
Høyrer til soleie – familien. Issoleia er mellom dei blomane som har høgderekorden i Noreg. Den er funnen på omlag 2370 m.o.h på Galdhøpiggen. Det verkar som om issoleia trivast best jo tøffare dei klimatiske forholda blir.
Er ein av dei vanlegaste og kjæraste blomane for fjellvandrarar som går i dei høgare delar av fjellet.

CC BY-NC 4.0 Issoleie (Ranunculus glacialis) Soleiefamilien av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Benedicte Hole 10c 2007
Kjelder: Illustrert skoleflora av Johannes Lid
Kommune: Gloppen