Sidemeny+

Heljedalen

Posted on 5. des 2004 by in Jordbruk

Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn

Murane til sela

Dette er ein fjellstøl og kanskje er det særleg husmenn som har støla her. Namnet kjem truleg av mannsnamnet Helge. Så vidt ein veit har det aldri vore meir enn eit par sel der. Ein kan sjå fleire tufter, men det kan vera etter fjøsar.

Plassering i kart

På slutten av 1800-talet skulle det vera to sel der, det eine kalla dei Knut-Nils-selet og det andre Nilsagjerselet. Oppe i Heljedalen veks det ikkje skog, så dei måtte ned i Heljedalsbratta mot Storedalen og laga til vedbørar som dei bar opp i Heljedalen. Sela i Heljedalen er mursel. Det som er nærast elva skal vera Nilsagjer-selet og det andre skulle høyra til Nils Husabø. Bruk 1 og 2 i Hatlelid stølte også i Heljedalen i eldre tid. Alle bruki som har stølsrett på Engi har også stølsrett i Heljedalen. Stølen var i bruk i 1935. Bak seli ligg ein veldig stor stein, Storesteinen. På toppen av steinen er ei stor grøft som det nesten alltid står regnvatn i slik at det dannar seg ein liten dam. Den kalla dei Huldrelaug. Huldrene Han gamle Jens stølte i Heljedalen. Ein dag var han på veg opp Heljedalsbratta med ei vedbør på ryggen. Då han kom opp på bratta sette han seg ned. Soli skein og det var godt og varmt. No var loppene so leie med han Nils, og so enkte han at han likso godt kunne ta ein tur på loppejakt. Han ville ta av seg skjorta, men med det same han vrengde skjorta over hovudet, høyrde han ein skrellelått. Han såg seg ikring, men ingen var å sjå. Då han tok skjorta på seg att, høyrde han same skrellelåtten. Bjørnen. Ho Mari var budeia i Heljedalen. Det var mykje bjørn då. Ho hadde eit stort bukkehorn. Om kvelden kveikte ho spikaloge og gjekk ut i tråna med. Ho bles i bukkehornet og ropte: "Elden i felden, kvila i bodl, skjot han og lyster han, kniv han og drep han!" Heljedalen Den gongen eg var på åttande året, var eg med mor mi i Heljedalen. Når far kom, so vart det for trangt i brisken, og eg måtte bort og liggja med ho gamle Gyrid, Hermund-Sjur-Gyrid. Ho fortalde at det i gamle dagar var so fælt med huldrer der. Ein gong dei buførte, sat det ei huld oppe på steinen (stor stein bakom seli), og han Ola i Bakkane kom springande og ville kasta eldstålet over ho, for dei hadde den trui. Men so snubla han i ein stein og stupte og råka ein kvass stein med nasen sin og slo henne ned, men då skrattlo huldrene oppigjennom heile urdi på hi sida. Men so var det ein prest som kallast Heilag-Helje som bar heilag eld opp i dalen, og so vart dei fri huldrene, og sidan heitte dalen Heljedalen. Fortalt av Svein Åse Munnharpa Det var ei som heitte Mildri som var so plaga av ein huldrakar. Når ho var i elvi og vaska koppane, so kom han opp or elvi og ville ha henne med seg bort i urdi. Men so hadde ho fått ei munnharpa av kjæresten sin, han Gulbrand, og når ho tok til å spela på denne munnharpa, so tok han til å dansa seg i tudn, og dansa seg på elvi att. Men eingong so hadde ho mist munnharpa, og so kom huldrene inn i selet hennar og ville gjera ho til brud, og dei pynta henne med brurekruna og border ned etter ryggen, men so høyrde dei bjølla av hesten hans Gulbrand, og då kvarv det bort alt saman. Då tok han henne med seg heim. Fortalt av Svein Åse

CC BY-NC 4.0 Heljedalen av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, desember 2004
Kjelder: Bygdebok for Leikanger bind I Per H. Bøthun: notatar Stølsregistreringa av 1935