Hegg (Prunus Padus)
Heggeblomst.
Heggetreet har ein fullstendig blomst der støvbærarar og arret er samla i same blomsten. Dei kvitblomstrande heggetrea lyser godt opp om våren når dei blømer. Det finst og ein annan type hegg her i Gloppen som heiter trollhegg.
Plassering i kart
Blomsten er samla i lange klasar med kvite blomstrar, som har ei
ganske sterk og god lukt når dei blomstrar.
Bæra er ei svart steinfrukt, men dei kan også i sjeldne tilfelle vere grøne.
Hegg er vanleg over heile landet.
Treet som kan sjå ut som ei stor busk, kan bli opptil 15 meter høgt,
og har mørk bork som smakar bittert dersom du bit i den.
Bruksområde
Veden brenn bra. Hegg blir brukt til treskjering og dreiing.Sjølv om heggen er rekna for å vere ganske tung, blir han ofte nytta til
økseskaft og hakkeskaft.
Før i tida vart heggen brukt til rivetindar, tønneband og korgarbeid.
-
Heggeblad Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Heggeblada får fin raudfarge om hausten Foto: Svein Hjelmesetcbn
Hegg (Prunus Padus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.