Sidemeny+

Haukastølen

Posted on 4. des 2004 by in Bygning, anlegg og arkitektur

Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn

Haukastølen

Det var to sel her oppe, det eine høyrde til Haukanes, det andre til Ola Monsson Bøthun

Plassering i kart

Sela Endre E. Haukanes bygde det eine selet, truleg rundt 1900. Han reiv ei tømra bu som stod mellom husa til Asbjørn Vangsnes og Anna Vikdal, frakta det i båt til Haukanes og bar det på ryggen opp på Haukastølen, ein stokk om gongen. Vanleg gange opp er 3 kvarter, vegen krokar seg heller bratt opp lii. Sjølve stølen ligg på ca 350 m over havet, så det var ein tung jobb og bera tømmerstokkane opp her. Selet er godt vedlikehalde og mykje er gjort dei siste åra. Torvtaket vart etter kvart dårleg, og det vart utskift med bølgeblekktak. Johannes Lindborg og Johannes Haukenes hadde med seg folk og fekk bore opp plater og gjort dette for ein god del år sidan. Johannes Lindborg har også lagt nytt golv, plater mellom bjelkane og diverse anna. Han bar og opp ein ny omn på heile 45 kg og han har laga nye køyar. Han har også stelt til utanfor selet. Mellom anna har han skore til kraftige benker av ei stor furu. Så siste åra har selet vore mykje nytta både til dagsturar og overnatting. Ola Monsson Bøthun hadde det andre selet på Haukastølen, men det er det berre murane att av. Taket rotna, og då var selet snart øydelagt. Truleg var dette selet bygt av ny material for selet var svært fint. Veggene var blanke og fine innvendes og skotet hadde ein brei gang langsetter med fine plankar. Vegen opp Vest for gardshusi i Haukanes kjem Haukagroi ned. Snøggvegen til støls gjekk på vestre skredbarden. Sjølve stølsvegen gjekk i krok opp lidi aust for husi opp til ein stad dei kalla "Stakkstaong", over groi og til støls. Ordet stakkstaong kjem av at dei lauva og stekte lauvet her. Frå Stakkstaong gjekk det løypestreng over gjelet og til Holten. Her gjekk ein ny streng ned til sjøen. Stølslivet Dei hadde både kyr og geiter og sauer på stølen. Vanlegvis gjekk dei opp og ned kveld og morgon. I den eldste tidi ysta dei på stølen, då hadde dei 20-30 geiter her. Etter at dei slutta med geiter bar dei mjølki nedatt. Ei tid hadde dei 3 kyr her, og då bar dei mjølki ned i ein metallbutt på ryggen kvar morgon. Denne butten tok 20 liter. Rundt seli var det rydda stølsgjerde og dette slo dei og hesja graset. På nedsida var det oppsett mur for å flata gjerdet ut. Dei hadde rennestreng frå denne muren og ned til kaien. Så bar dei høyet frå bøen og ned på muren og rende det ned. Nede på kaien stod det altså to rennepel, eitt der strengen kom frå Haukastølen og eitt med streng frå Stakkstaong. Om haustane var dei oppe på stølen og raka saman ospelauvet og hadde det i sekker og rende det ned, for dette lauvet likte beisti godt. Lenge var det to budeier her oppe i kvar sitt sel. Ei tid støla Turid Bøtun og Ragnhild Haukanes her med både geiter og kyr. Om helgane var det ofte folk frå bygda på besøk oppe på stølen.

CC BY-NC 4.0 Haukastølen av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, desember 2004
Kjelder: Ragnhild Lindborg: Haukastølen. Pridla nr 3 1997. Stølsregistreringa i 1935