Sidemeny+

Hassel (CORYLUS AVELLANA)

Posted on 28. des 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Hassel er sambu. Hoblomsten er raud. Hanraklane er gule.

Hassel er eit sambu tre der dei gule hannraklane og dei små raude hoblomstane (natavon) veks på same treet. Treet blomstrar i mars/april og kjem ofte i blomstring etter at grå-or er avblomstra.

Plassering i kart

Hassel er eit tre som kan bli opptil 5 meter høgt. Blada er hjerteforma med stive hår og taggete rand. Barken er brungrå og veden er lett, glatt og elastisk og egnar seg derfor fint til pil og boge.
Hassel er vanleg i kyst og fjordstrøk nord til Steigan i Nordland. På Austlandet finn ein hassel nord til Fron og Sildre. Han kan vekse i opptil 600 meter over havet.

Hassel er sambu dvs: han/hoblomst på same tre
Nøttene som er på treet inneheld mykje feitt som ein kan lage olje av. Dei vart også brukte til mat i tronge tider der det var mangel på mat. Ein har funne store nøttelager fra middelalderen her i Norge. Dersom du finn to kjerner i same nøtta, kan dette tyde lykke. Dette kallast to-to eller filipine. Om det er to om å dele ei filipine, kunne ein sette seg opp eit veddemål eller premie til den som først sa «filipine» på ein fastsett dag.

CC BY-NC 4.0 Hassel (CORYLUS AVELLANA) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Simen Solheim 10b 2005