Gulsangar (Hippolais icterina)

Gulsangar hann
Gulsangar og hagesangar er vel sjeldnast av dei sangarane vi har her i Gloppen. Tornsangaren kjem vel og i same kategori. Gulsangaren kjem seint til oss om våren, og han er ein meister i å immitere andre fuglar. Når han held konsert høyrest det som om han har med seg både stare, raudstrupe, storspove og endå fleire.
Plassering i kart
Gulsangaren er mellom 12 og 14 cm lang og veg opp til 20 g. Oversida er grågul og undersida er lys gul. Beina er grå. Hann og hofuglen er lik i farge. Gulsangaren er ein god hermar som syng på dialekt. Dette fordi han hermar etter dei andre fuglane han vaks opp ilag med. Naboane hans er ikkje dei same rundt om i landet, så difor vert sangen hans ulik frå landsdel til landsdel. Trekkruta hans går langt sørover i Afrika. Dette gjer at han kjem til oss litt ut på sommaren. Gulsangaren lagar eit fint skålforma reir som han gøymer i tre eller busker. Dei 4 til 6 egga er fine, med rosa botnfarge og svarte prikkar.
-
Gulsangar hann Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Gulsangar hann Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Gulsangar Foto: Svein Hjelmesetcbn
Gulsangar (Hippolais icterina) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.