Sidemeny+

Gu 2

Posted on 7. des 2004 by in Dyreliv

Foto: Niklas Alander 8ball-rights-reserved

Åkerrikse

Gu er forkorting for Gloppen ungdomsskule. Nokre elevar frå elevbedrifta Natur, kultur og media EB, har vore med på å lage ein del av desse oppgåvene, skrive artiklar, lagt inn lyd, teikna og teke bilde.
På denne ligg det oppgåver som du finn svar på ved å søke på Geoatlas.no

Plassering i kart

Nat.fag.oppgåver

1 Ekornet lever i skogen. A) Kva dyr må ekornet passe seg ekstra godt for? B) Kan ekornet klatre nedover trestammane? I tilfelle ja, korleis? C) Kva lever ekornet av?
2 Kva andre dyr enn ekornet lever i skogen?
3 Kva er eit gevir?
4 Høgste fjellet i Gloppen er ein nunatagg. A) Kva heiter fjellet? B) Kva meiner vi med nunatagg? C) Har du vore på dette fjellet?
5 Skriv namnet på nokre fjelltoppar i kommunen din.
6 Skriv litt om fjellrypa.
7 Skriv namnet på små og store dyr i fjellet.
8 Kor stort er vingespennet til Kongeørna?
10 Kva heiter største rovdyret i Gloppen? Skriv litt om det
12 Finn dei to artiklane om bjørnejakt i Gloppen og skriv litt om dei.
13 Får Hegg kvite eller gule blomar på treet?

Oppgåver
Naturfag på nettet.
Bruk geoatlas-sida til å løyse desse oppgåvene.

1 Set opp namn på fuglar som lever på fjellet
2 Set opp plantar som veks på fjellet
3 Rein: hann-dyret heiter? b Ho-dytret heiter?
4 Hjort: hanndyret? b) Hodyret ?
5 Skriv nokre setningar om 3-4 a) fjellplantar b) fjellfuglar
6 Kven misser horna fyrst hjå reinen? Simla eller bukken?
7 a) Skriv namnet på nokre flyttfuglar b) standfuglar.

Oppgåver
1 a) Kor høgt ligg Snønipa?
b) Kva kallar vi slike fjelltoppar som stikk opp av ein snøbree.

2.
3. Kven har laga monumentet på Anda, og kva er monumentet laga av?

Oppgåver
1 a) I kva kommune ligg Fanaråken?
b) Kven har skrive artikkelen om Fanaråken?
2 a) Skriv ned namnet på to av dei blomane/bregnene du trur er litt sjeldne.
3 a) Talet på fugleartiklar på Gloppesida?
b) Vel ut to fuglar du har sett og to du aldri har sett blant dei som er på Gloppesida.
4 a) Kva heiter molekylet som er avbilda på Gu 2 sida?
b) Kva er molekylformelen til dette molekylet?
c) Kva slag atom er dei svarte kulene symbol for? dei kvite? og dei raude?

Oppgåve
1 Kva farge har ungfuglen til sangsvane?
2 Kvar finn vi dødisgrop i Gloppen?
3 Kor mange fuglebilde har Bjørnar Kaale inne på www.fugler.net?

Geoatlasoppgåver
1 Skriv nokre faktasetningar om kraftverket på Sørstranda
2 a) Kva er glente? b) Observert i Gloppen?
3 Skriv namnet på minst tre orkidear.
4 Nemn ein fugl og ein blomst du kan observere på Støyvastøylen.
5 Skriv namnet på ein sjelden fugl som har vore observert på Storevarden.

Geoatlasoppgåver
1 Er det grågås i Gloppen? Grunngje svaret,
2 a) Nemn to lauvtre som er særbu.
b) Kva vil det sei at eit tre er særbu? Sambu?
3 Kor mange tresortar veit du er sambu og kva heiter dei?

Geoatlasoppgåver v 19
1 Kan det vere reinsdyr på Leirstøylen? b) Kva er skilnad på bukk og simle på denne årstida?
2 Korleis ser ein askeblomst ut. Forklar eller legg ved ein link.
3 Har fiskemåseungar eggtann? Forklar/legg ved bilde/link.
4 Kven utrydda ulven i Indre Sunnfjord.
5 Får du tid til overs, kan du lage spørsmål.

CC BY-NC 4.0 Gu 2 av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2007