Grindbygg – ein gamal byggjeskikk

Arbeidsøkt på grindbygget. Her vert stavar og bete sette saman på bakken.
I mest heile Vest Norge finn vi stavbygde hus reist i ein tradisjon som vert kalla grindbygg. Frå sør i Rogaland og nord til Romsdalen vart dei reiste, men ikkje i dei inste bygdene i Sogn. Der var folket meir påverka av byggjetradisjonane aust for Langfjella.
Plassering i kart
Kva er ei grind ?
Byggeteknikk er basert på stavkonstruksjonar.
Ei grind er to vertikale stavar bundne saman opp med ein bete = ein liggande bjelke.
Grinda ein berande konstruksjon, og hjørna opp vert haldne saman av skråband
Alt vert laga til på bakken.
Faguttrykk
Vanlegvis er det 4 5 meter vanleg mellom grindene.Somme stader kalla dei grindene for bukkar.
Oppe vert grindane bundne saman av ein dragar = ein langsgåande bjelke.Her hos oss i Sogn var det vanleg å kalle denne dragaren for stavleggje.
Taket kviler på sperrene som igjen er nøyaktig tilpassa kvar stavleggje.
Avstand mellom sperrene om lag ein meter.
Grindbygg – til kva ?
Grind vart ein vanleg byggeteknikk for løer, naust ,eldhus ,smier ,stallar og mindre hus. Dette er hus som ikkje absolutt skulle halde ver og vind ute,ja, i mange høve var det ein fordel om det trekte litt gjennom veggane. Både høy og ved hadde godt av slik vindturking.
Grindbygga vart tenelege til mangt. Endegrinda, gavlveggen vart i nausta ståande open slik at båtane lett kunne dragast ut og inn. I tilleg heldt lufta seg fuktig, og trebåtane turka ikkje så lett opp, og såleis hindra ein at borda sprakk og lekasjar dukka opp.
-
Arbeidsøkt på grindbygget. Her vert stavar og bete sette saman på bakken. Foto: Kristian E. Hjelmelandcbn
-
Hjørnet av ei grind. Merk deg skråbandet = sneibandet. Foto: Kristian E Hjelmelandcbn
-
Skisse av grind – endevegg = gavlen Foto: Jærmuseetcbn
-
Rydding av tomt til grindbygget. Her skulle nok tradisjonelt andre reiskapar vore nytta. Foto: Kristian Hjelmelandcbn
Grindbygg – ein gamal byggjeskikk av kristian_hjelmeland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.