Greplyng (Loiseleuria procumbens)
Greplyng er ein vanleg plante i fjellet. Han høyrer til lyngfamilien og breier seg utover berg og steinar med sine vintergrøne blad og bleik-raude blomar om sommaren.
Plassering i kart
Grepplyng er ei dvergbusk i lyngfamilien. 2-10 cm lane krypande skot, vintergrøne blad og lyseraude blomster. Veks på tørre rabbar og over flate steinar, nokså vanleg frå Setesdalen til Finnmark. Kan vekse opp til 1900 moh.
Greplyng har fått namnet sitt fordi planten i eldre tid vart brukt som medisin mot «grep(p)» (knuterosen). Knuterosen opptrådte ofte kort tid etter at ein var smitta av tuberkulose. Kunne då få hovne kjertlar, brysthinnebetennelse, pleuritt.
Greplyng (Loiseleuria procumbens) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.