Grankorsnebb
Grankorsnebb er det ein del av i Gloppen. Dette er ein hardhaus som legg egga sine midt på vinteren. På denne tida av året vert det ofte hogge ein del i skogen. Ein rapport kan tyde på at eit grantre med grankorsnebb reir i vart hogge ein vinterdag for 2-3 år sidan.
Plassering i kart
Utsjånad
Grankorsnebben er 16cm og har eit vingespenn på 27-30cm.
Fuglen er stor og tettbygd med eit tjukt, nebb der overnebbet kryssar undernebbet.
Dei mørkebrune vengene, stjerten og den fargerike overgumpen er tydelege i flukt.
Hannen er raud, med rosaraud overgump; hoa er grågrøn med gulgrøn overgump.
Sang
Lokkar med ein høg, metallisk, stakato glipp-glipp-glipp.
Liknar forvirrande på skottekorsnebb (Skotland) og furukorsnebb (Fennoskandia).
Mat
Han lever mest på granfrø.Er det rikeleg med koglar på bartrea, kan denne fuglen i periodar opptre i flokkar. Difor vert han rekna som ein invasjonsfugl.
Fuglen legg oftast egg i februar?mars.
Vanleg over heile landet om frøsettinga er god.
-
Grankorsnebb som plukkar frø frå konglane i eit hemlocktre. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Grankorsnebb hann Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Grankorsnebb Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Grankorsnebb ho Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Grankorsnebb ho Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Grankorsnebb Foto: Bjørnar Kaaleall-rights-reserved
-
Grankorsnebb hann Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Grankorsnebb av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.