Sidemeny+

Gran

Posted on 29. des 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Hannblomst på gran.

Det er ikkje kvart år grana blomstrar. I 2003 kunne ein sjå at grana hadde ei rik blomstring. Mykje av grana her på våre kantar er planta, og grantrea veks i plantefelt.

Gran er eit bartre. Det vil seie at treet ikkje har blad, men små, spisse nåler som sit tett i tett på greinene. Grantreet har òg blomster. Hann- og hoblomstrane sit på same treet (sambu). Hannblomstrane har mykje pollen og er raude før dei sprett ut. Då blir dei gule. Hoblomstrane er også raude. Dei sit saman i ein kongle, som blir moden i løpet av året. Konglane kan bli 20 cm lange. Gran er det høgaste treet i Noreg og den kan bli opp til 45 meter høg. Den glatte, brune stammen kan ha ein omkrins på rundt 4,5 meter. Grana likar seg veldig godt her på Vestlandet, og ho veks fort. Mange høgg ned gran og sel ho. Veden er ikkje veldig sterk eller haldbar, men er lett. Treet veks rett, og vrir seg ikkje når du lagar ting av det. Av grana kan du lage: Bord, stolpar, staur og plankar. Delar av ei fele kan også lagast av gran. Mange bruker gran til juletre.

CC BY-NC 4.0 Gran av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kjersti Rauset 10a 2005