Gråor (Bjørkefamilien)
Gråor er eit lite tre. Stammen til treet er lysegrå. Blada er grågrøne, taggete og er mjuke å ta på. Treet veks fort og blir ikkje veldig gammal.
Plassering i kart
Hann- og hoblomstrane ser ut som lange, gule ormar. Dei kjem både om hausten og våren.
Treet har også små, runde konglar, der frøa til treet sit inni.
Gråora har ei spesiell rot. Det er små knollar på den som tek opp stoffet nitrogen frå lufta, som treet treng for å leve.
Av gråor kan ein lage: Tresko, koppar, fat og møblar.
Den er ikkje så god til andre ting, fordi den rotnar fort.
Før i tida sa folk at når blada til gråora kom fram, kunne ein så og sleppe ut dyra på beite. Fisken byrja og å bite då.
Leik:
Borken til ora er litt raudbrun, og når gutane ville leike vaksen, togg dei på borken til ora ? då kunne dei spytte ?skrå?.
Du kan også farge stokkar og pinnar med borken.
-
Hann-, hoblomst og frukta til gråor. Sambu. Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Gråor Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Gråor med horaklar, dei minste, og hannraklar. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Hann- og horaklar på gråor. Dei minste er horaklar. Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Knollar på rota til grå-or. Bakteriar på desse kan binde nitrogen frå lufta. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Gråor med hann- og hoblomst Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
Gråor (Bjørkefamilien) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.