Gjerdi

Murar etter selet.
Dette er ein gammal vår eller hauststøl for Haukanes. Han ligg i bakkane over Haukanes, like nedanfor linja på vegen mot Haukastølen. Me kan framleis sjå at det har vore slåttemark her. Det har også vore eit lite sel her, truleg steinsel.
Plassering i kart
Truleg vart denne stølen brukt når kyrne trekte langt ned i lia om hausten. I staden for å jaga dei oppatt på Haukastølen var det lettvintare å mjølka dei her. Dei bar då mjølka nedatt til gards. I stølsregistreringa frå 1935 står det at Haukanes har ein vårstøl som dei kallar Vetlestølen. Den ligg ca 350moh og 0,4 km vest for Haukenes. Den vart nedlagd omkring 1875. Truleg at dette er det me no kallar Gjerdi.
Gjerdi av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.