Sidemeny+

Gauksyre Gauksyrefamilien (Oxalis acetosella) Wood-sorrel

Posted on 27. des 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Gauksyre

Gauksyre kjem i blomst om våren og lyser opp med sine kvite kronblad. I august er frøa utvikla og kjem du bort i dei slik at dei vert utsett for trykk, sprett dei ut av frøhuset og kjem seg nokre meter bort frå morplanten.

Plassering i kart

Litt om Gauksyre
Gauksyre veks i bar – og lauvskog der det er skugge, fukt og god mold. Han blomstrar i tida april til juni. Blomen er ikkje giftig og kan etast. Mot slutten av sommaren vert det utvikla lukka blomar som pollinerer seg sjølv. Gauksyra er fleirårig og er ein av dei vanlegaste skogplantane i Noreg.

Utsjånad
Gauksyre er ein skogplante med tre – kopla blad som er omvendt hjarteforma og har fem kronblad i blomen. Han blir mellom 5 og 10 cm høg, med blad og blomsterskaft frå ein krypande jordstengel. Blomane er kvite med rosa årer, 8 til 12 mm store. Ein kan òg finne rosa og raudlilla blomar. Blad og blomar har tydelege rørsler i høve til lys og temperatur, m.a. opnar blomen seg og rettar seg etter sola. Frøkapselen er om lag 3 mm stor og grønkvit. Kapselen som frøet ligg i blir væskefylt. Plutseleg eksploderer dette og frøet vert kasta langt bort frå morplanten.

Utbreiing
Finst over det meste av Europa og i delar av Asia. I Noreg finn du han heilt nord til Tromsø. Han finst òg i mellom – og Sør – Sverige, Finland, heile Danmark, Færøyane og i eit lite område på austre Island.

Smak
Gauksyre smakar ganske surt. Det er på grunn av at blada inneheld ganske mykje oksalsyre som gjev blomen den syrlege smaken. Set god smak på bl. a. supper.

Bruksområde og Medisin
Før blei Gauksyre brukt til å senke feberen og dempe tørsten. I eldre urtebøker blei den omtala som ei blodreinsande urt som blei brukt ved gulsott, nyresjukdommar og skjørbuk.

CC BY-NC 4.0 Gauksyre Gauksyrefamilien (Oxalis acetosella) Wood-sorrel av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Markus Bjørnereim 8c 2008
Kjelder: www.markblomster.com www.norsknettskole.no