Gamle Vigdalsstølen
Stølen blir også kalla Vårstølen. Han ligg i Engjadalen på høgre side av Stølselvi, til venstre for Galdagilet. Dette var stølen til Vigdalen både før og etter at dei bygde stølen på venstre sida av elvi.
Plassering i kart
Det var svært vanskeleg veg opp til stølen. For å komma opp måtte dei kryssa Galdagjelet der det kjem ned i Stølselva. Dei sette opp ein streng som dei måtte gå etter der gjelet kom ned i elva. Men i staden for å kryssa gjelet kan ein gå opp til Lundheim og kryssa gjelet der. Men då må ein gå eit godt stykke nedatt, sidan Gamle Vigdalsstølen ligg mykje lenger nede enn Lundheim. På grunn av den vanskelege vegen bygde dei ny støl på den andre sida av Galdagilet, altså på høgre side. Denne stølen kalla dei Vigdalsstølen eller Lundheim Også Gamle Vigdalsstølen eller Vårstølen blei teken av ras, kanskje rundt 1890. Truleg viser berre noko brennenesle der tufta har vore.
Gamle Vigdalsstølen av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.