Fjellveronika (Veronica alpina ) Kjempefamilien (Tidlegare maskeblomstfamilien).
Fjellveronika med dvergmjølke i framgrunnen.
Fjellveronika er ein fjellplante som gjer lite av seg, men som er vanleg mange plassar i fjellet. Fargen er blå, men det finst og variantar med kvit blomster. På Svarthammaren vest for Svinestranda i Gloppen finn ein kvite fjellveronika.
Plassering i kart
Fjellveronika er ein fleirårig fjellplante ( opp til 15 cm høg) som veks på fuktig mark. Han er å finne på enger, ved snølege og ved bekkar, og blomstrar kring juni månad.
Dei små blomane er mørkeblå av farge. Dei er samla i ein liten klase i toppen av stengelen, som er opprett frå ein kort krypande del. Det finst og kvite blomstervariantar. Sjå bilde. Fjellveronika har ovale, heile motsette blad som oftast er glatte. Frukta er ein kapsel. Ved mogning vert både kapselen og heile fruktstanden blå.
Fjellveronika er nokså vanleg i alle fjellstrøk i Noreg. Planten er funnen opp til 2000 m.o.h. i Jotunheimen. Planteslekta har namn etter helgenen Veronica.
-
Fjellveronika Foto: Svein Hjelmesetcbn
Fjellveronika (Veronica alpina ) Kjempefamilien (Tidlegare maskeblomstfamilien). av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.