Fjellsmelle Nellikfamilien (Silene acaulis )
Fjellsmelle
Fjellsmella er ein fjellplante her i Gloppen, men ute ved kysten, på Runde feks, kan du også sjå dei fargerike fjellsmelle – tuene lyse mot deg. Denne planten likar seg best der det er litt kalk i grunnen.
Plassering i kart
Fjellsmelle er ei urt i smelleslekta i nellikfamilien. Nellikfamilien er ein stor familie med 80 arter i Norge og over 2000 i heile verda.Fjellsmelle likar seg best på kalkrik grunn, og i polare strok eller i fjellområde. Blomstring frå juli til august. Planten vert kalla kompassblomstrande. Dette fordi blomstringa startar på sørsida av tua og blomstrar til sist på den nordvedte sida. Det er også ein kvit variant av fjellsmelle. Denne er sjeldan og veks berre i polare strok. Fjellsmella blir frå 2-8 cm høg, og tuva kan bli opp til ein halv meter i diameter. Ei slik tuve kan bli 100 år gamal. Det er også denne planten som er mest utprega puteforma i Norge. Blomstrane er raude 5-talsblomstrar. Dei har 5 kronblad og like mange begerblad. Sidan dei veks i tuver greier dei betre å halde temperaturen høg nok til å lage frø i dei vindfulle vekseområda. Frøa vert spreidde med vinden. Rota til fjellsmella er pelerot. Her vert det samla mykje næringsstoff som planten kan leve på gjennom harde vintrar.
Fjellsmelle Nellikfamilien (Silene acaulis ) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.