Fjellmarikåpe (Alchemilla alpina)
Fjellmarikåpe
Fjellmarikåpe er ein vanleg fjellplante her i Gloppen. Planten kan kanskje forvekslast med trefingerurt som det også er ein god del av her i kommunen. Elles er det mange sortar marikåpe som veks meir i låglandet. Fjellmarikåpe tilhøyrer rosefamilien. Blomen forplantar seg ukjønna.
Plassering i kart
Utsjånad
Fjellmarikåpe har ein krypande jordstengel og langskafta blad som oftast er femkopla eller sekskopla. Den blir skilt frå vanleg marikåpe ved at blada er meir oppdelte og ikkje så store. Småblada er mørkegrøne på oversida og lyst silkeglinsande på undersida. Stengelen har nyste med små gulgrøne firetalsblomstrar utan kronblad. Heile planten blir sjeldan lenger enn 10 cm, men den kan dekke eit stort areal.
Utbreiing
Fjellmarikåpe veks på kalkfattig grunn i fjellet, men fins og mange stadar i låglandet. Arten har ei amfi-antlantisk (plantar som er utbreidd på begge sider av Nord- Atlanteren) og arktisk utbreiing. I Noreg er arten vanleg i fjell, langs Vestlandskysten og i Nord-Noreg. Fjellmarikåpa blømar kring juni-juli i heiar, enger og snøleger til fjells. Det er nettopp der, i snøleiet, den trivst best. Den er funnen opp til 1760 meters høgde i Jotunheimen.
Fjellmarikåpe (Alchemilla alpina) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.