Fjelljamne (Lycopodiumalpinum L)
Fjelljamne
Denne planten finn ein mange stader i Gloppen og elles i Sogn og Fjordane.
Plassering i kart
Fjelljamne er små vekstar som ikkje alltid er like lett å oppdage. Stengelen er krypande og opp til 50 cm lang. Gaffeldelte greiner i tette knippe. Dei sporebærande blada er samla i aks i greintoppane. Ein finn planten på blåbærheier og tidleg utsmelta snøleie, helst på kalkfattig grunn. Svært vanleg. Veks opp til 1600 moh.
Fjelljamne (Lycopodiumalpinum L) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.