Sidemeny+

Fjelldronning/bergfrue/bergabreie. Saxifraga cotyledon

Posted on 27. des 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Fjelldronning i full blomst.

Fjelldronning har fleire namn som bergfrue og i Sogn kallar dei planten for bergabreie. Svenskane kallar planten for fjælldbrud. Enkelte år er blomstringa rik og då breier dei kvite blomane seg utover berget.

Plassering i kart

Nøysom plante
Berre ei lita bergsprekke er nok til at planten klorar seg fast med sine mange små og store bladrosettar nede ved rota. Blomstringa skjer frå ein av desse rosettane som dør når planten er avblomstra. Ein av dei andre rosettane produserer eit seinare år ein ny blomst.

Vakker plante
Fjelldronning reknast som ein av våre vakraste fjellplantar. Fleirårig plante med vintergrøne blad. Blomstringstid juli-august.
Stilken er ein halv meter lang , og på den kan det komme hundrevis av små kvite blomar med god lukt. I Gloppen veks planten også i låglandet. Går du den gamle vegen på utsida av Breimsfjelltunellen kan du kvar sommar sjå rik blomstring i desse hamrane. Utsikten er og ein sikker plass å kunne sjå fjelldronning.

Ved rota sit ein rosett av tjukke, harde, kaktus liknande blad som overvintrar. Som regel er den veldig vanskeleg tilgjengeleg idet han hovudsakleg veks i stupbratte bergveggar i sprekkar kor det av og til sildrar litt vatn.
Fjelldronning er fylkesblomst for Møre og Romsdal

CC BY-NC 4.0 Fjelldronning/bergfrue/bergabreie. Saxifraga cotyledon av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Mathias Jensen Henden 9c 2007
Klassetrinn: 9. kl
Kjelder: Den virtuelle flora