Filtkongslys (Verbascum thapsus) Great Mullein
Filtkongslys er vanlegare her i Gloppen enn mørkkongslys. Du kan sjå planten i tørre skråningar langs E-39 frå avkøyrsla til Fjellbygda og innover mot Kleivedammen.
Plassering i kart
Filtkongslys er toårig. Fyrste året har han bladrosett,
andre året meterhøg grov og stiv stengel.
Dei øverste blada har vengkantar nedetter stengelen.
Tette aks med gule blomstrar. Det sit kvite ullhår på dei tre korte mjølketrådane.
Du finn han i berg og tørre bakkar. Nokså vanleg nord til Snåsa i Nord-Trøndelag.
Han lever høgt oppe og en sjeldan gong heilt opp til 900m.
I 2003 vaks det ein slik plante i Sandane sentrum som vart heile
2,43 m høg.
-
Filtkongslys Foto: Svein Hjelmesetcbn
Filtkongslys (Verbascum thapsus) Great Mullein av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.