Fagerperikum (Hypericum pulchrum ) Slender St Johns-wort
Fagerperikum veks helst lenger ut mot kysten enn her i Gloppen.
Firkantperikum er den vanlegaste perikumplanten her i fylket, så både prikkperikum, fagerperikum og bergperikum er sjeldnare plantar, men dei finst.
Plassering i kart
Fagerperikum er ei fleirårig urt med små motsette, eggrunde blad og blomster med skarp gulfarge. Stilken kan bli opp til 50 cm høg og det er utgreiningar frå stilken. Blomstring i juli. Kronblada er gule ofte med litt raudleg farge på undersida.
-
Fagerperikum Foto: Svein Hjelmesetcbn
Fagerperikum (Hypericum pulchrum ) Slender St Johns-wort av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.