Sidemeny+

Etasjemose (Hylocomium splendens)

Posted on 30. des 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Etasjemose

For mange er vel dei fleste mosane like. Mange sortar kan vere vanskeleg å skilje frå kvarandre. Denne mosen er nok ein av dei som verkeleg har gode kjenneteikn. Han veks litt kvart år. Dette fører til stadig nye etasjar.

Plassering i kart

Etasjemosen lagar grøne matter i gran og lauvskog. Han er lett å kjenne igjen, fordi han veks i «etasjar». Mosen kan forvekslast med stor tujamose. Stengelblada er ovale og smalnar av øverst til ein spiss. Næringa denne mosen treng, kjem ovanifra; noko som strø, nåler og kvistar frå trea, og noko frå regnvatn som passerar gjennom trekrunene. Etasjemose er veldig vanlig i heile landet.
Dette er ein bladmose som er karakteristisk i si oppbygging i
form av etasjar i sjølve planten. Stengelen er raudleg og greinene er fjørforma og blanke.
Etasjemose har fått sitt namn med god grunn, for mosen veks, som sagt, i fleire etasjar over kvarandre. Det kjem ein etasje for kvart år, så ein kan nesten rekne ut kor gammal mosen er.
Denne arten er rekna som ein av dei vanlegaste mosane i Norge, og vi finner han i ulike vegetasjonar. Både i lauv- og blandingsskog veks etasjemosen som teppe, men han finner også grobotn på store steinar om desse er tildekt med jord.

Etasjemose (Hylocomium splendens) vart tidligare nytta til tettemateriale i samband med husbygging. Dette mellom anna fordi han ikkje trekkjer til seg fukt. Etasjemosen har også blitt nytta som mat – tilskot for husdyr, og han vart tørka og brukt som strømateriale inne i fjøs.

CC BY-NC 4.0 Etasjemose (Hylocomium splendens) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Roger Kolset 2008
Klassetrinn: 9 klasse
Kommune: Eide