Dvergsoleie (Ranunculus pygmæus)

Dvergsoleie.
I Gloppen finn ein denne små soleieblomsten på Svarthammaren vest for Svinestranda. Ein kan køyre til Kleivane skisenter eller om Utsikten til Austrheimsstøylen. Lett terreng med litt stigning frå støylen til Svarthammaren. På denne korte turen er det registrert over 200 ulike plantar.
Plassering i kart
Dvergsoleia vert ca 5 cm høg og har langskafta lysegrøne, treflika blad og tynn stengel med brune hår. Blomsten er 6-7 mm brei. Begerblada ( 5) er lodne og konblada (5) er korte og lysegule. Nøttefrukta har kort kroknebb. Blomstrar i juli på fuktige stader og snølegje i fjellet. Likar seg i bratte bakkar. Veks heilt opp til 2200 moh i Jotunheimen.
-
Dvergsoleie. Foto: Svein Hjelmesetcbn
Dvergsoleie (Ranunculus pygmæus) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.