Sidemeny+

Blåknapp Kardeborrefamilien (Succisa pratensis) Devilsbit scabious

Posted on 30. des 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Blåknapp.

Både blåknapp og raudknapp kan du finne i Gloppen. Blåknappen er vanlegast. I Jølet ved Nordfjord Folkemuseum veks han langs elva.

Plassering i kart

Utsjånad
Blåknapp er ein fleirårig plante som kan bli opp til seksti
centimeter høg. Tjukke, langstilka, grunnstilte blad. Stilken er oppståande og har motsette, vanlegvis avlange blad med smal base.
Blåknapp blomstrar under seinsommaren og om hausten i
august-september.

Utbreiing
Blåknapp veks i Noreg opp til Lofoten. Blomstrane er vanlegvis blåfiolette. Frukta er ei nøtt som sitter inneslutta i ytterfora. Rota ser avskåra eller avbitt ut, og det er dette som har gitt opphav til slektsnamnen Succisa, som betyr avskåra. Blåknapp tilhøyrer Kardeborrefamilien, og liknar på Raudknapp og Blåmunke. Artane i kardeborrefamilien har ein viss likskap med korgplantefamilien ? blomstrane sit i korger. Planten likar fuktige stadar i kalkrik jord, foreksempel fuktige enger, beitemark og lyngmark, mest i kyststrøk.

Medisinplante og overtru.
Tidlegare vart blåknapp brukt som legeplante mot hudlidingar.
I gamle dagar meinte ein at det var djevelen som hadde bitt av rota, som i dag går igjen i de danske, tyske og engelske namna.
Arten har hatt tilhald i landet lenge, pollen av blåknapp er funnet i 9 000 år gamle avleiringar.

CC BY-NC 4.0 Blåknapp Kardeborrefamilien (Succisa pratensis) Devilsbit scabious av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Benedikte Hole 9c 2006
Klassetrinn: 9. kl