Bjørk (Bjørkefamilien)
Bjørkeblomst. Sambu fordi hann- og hoblomsten veks på same tre.
Bjørk er vel det vanlegaste lauvtreet som veks i fylket og som dei fleste kjenner. Veden er brukt både til ved og materialar for møblar og til treskjering.
Plassering i kart
Bjørk
Blada til bjørka er sagtagga, og hengebjørka har dobbelt sagtagga bladrand.
Trea er sambu, der hann- og horaklane veks på same tre.
Nøttefrukt med venger som spirer fort om hausten eller neste vår.
Bjørka treng mykje lys og kan bli over 300 år gammal.
Bjørka veks over heile landet.
Veden til bjørka er strek og varer lenge. Dei fleste vil helst ha bjørk når dei kjøper ved. Bjørka blir mykje brukt til møblar, og er god til treskjering og dreiing.
Veden har og vore brukt til selepinnar, rivetindar, auskar, høvlar, og skaft.
Av kvistane kan ein også lage sopelimar, vispar og gryteskrubbar.
Det er tradisjon å pynte med bjørkelauv på 17.mai, men i gamle dagar var det vanleg å pynte til Jonsok med lauvet.
Bjørk har og vore ein viktig kalenderplante. Det at lauvet spratt kunne fortelje når ein kunne så, sleppe ut dyra og ta til å fiske.
Bjørk (Bjørkefamilien) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.