Sidemeny+

Bjønnstigen

Posted on 5. des 2004 by in Jordbruk

Foto: Anne Marie Bøtun Øyricbn

Utsikt ned mot Bjønnstigryggen. Stølen ligg bak til venstre i biletet.

Denne fjellstølen ligg oppe på Hovsfjellet ut mot Bjønnstigen. Når ein fylgjer elva oppover, så ligg stølen på høgre side ca 200m frå elva. Det er eit stort vierkjørr der tuftene er. Stien til Steindalen går like ved.

Plassering i kart

Det viser tydeleg murar etter eit sel, likeeins tverrmuren i selet (mellom skot og sel). Ein kan sjå spor etter eit mindre sel nokre meter aust for det første. Kanskje er det også restar etter murar mellom desse to seli, men då har dei tre stått vegg i vegg. Dette er vanskeleg å seia. Det blir sagt at det skulle vera tre sel på Bjønnstigen. Det skal vera folk frå Norane som støla her. Dei tok krøteri i båt over fjorden til Kolåsen og opp Kolåsryggen, så vidare inn Steindalen og over til Bjønnstigen Og så måtte dei kløvja avdråtten same vegen attende. Per Otterhjell var to somrar i Tuftene med kyrne sine. I det høve vart det rydda gangveg gjennom Steindalen, slik at kyrne vart drivne til dei gode beiti på Bjønnstigen. Stølsdrifta på Bjønnstigen var nok då slutt for lenge sidan. Det blir fortalt om ei budeie som støla på Bjønnstigen. Ho ville ned i Liane (Hatlelid) med sengjamat. Ho kom ned Bjønnstigen med ein unge på ryggen, ein grautambar i eine handa og ein myseambar i den andre. Og når vitjinga i Liane vel var over, så var det å ta ungen på ryggen att og opp Bjønnstigen for å nå kveldsstellet på stølen!

CC BY-NC 4.0 Bjønnstigen av Bjarne Bjørkevoll er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Anne Marie Bøtun Øyri, desember 2004
Kjelder: Jon Tretteteig Lars og Gjertrud Hatlelid