Bitterbergknapp Sedum acre (Biting Stonecrop)

Bitterbergknapp
Bitterbergknapp finn vi både langs kysten og i innlandet. Dei grøne tuene klorar seg fast i ei bergsprekke eller veks på steinar og grus. Blada er tjukke og godt eigna til å lagre vatn, så dei tørkar sjeldan ut. I blomstringsperioden vert dei grøne tuene forvandla til gule, lysande puter.
Plassering i kart
Bitterbergknapp
Bitterbergknapp veks i tette tuer. Blada er gulgrøne, eggrunde, 3-5 mm og med bitter smak. Blomsterstanden er greinete med mange blomster. Kronblada er 6-8 mm med ein klar gulfarge.
-
Bitterbergknapp Foto: Svein Hjelmesetcbn
Bitterbergknapp Sedum acre (Biting Stonecrop) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.