Sidemeny+

Bergperikum Hypericum montanum L. Pale St John’s-wort

Posted on 8. des 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Bergperikum.

Bergperikum er sjelden i Nordfjord. Det veks nokre eksemplar av denne planten langs stien opp mot Åsane ved vegen inn til Hennebygda. Her finn du og sjeldne orkidear og viltveksande lindeskog.

Plassering i kart

Utsjånad
Det latinske namnet tyder: som veks på berg. Planten kan bli opp til 50 cm høg. Bergperikum er ei fleirårig urt med ugreina stengel med motsatte blad.Begerblada er spisse med svarte kjertlar i kanten. Veks i berg og steinete småskog. I Norge finn du bergperikum nord til Nordfjord. I juli-august står planten i blomst med bleikgule kronblad.

CC BY-NC 4.0 Bergperikum Hypericum montanum L. Pale St John’s-wort av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2006
Kjelder: 'Den virtuella floran' og Lids flora