Sidemeny+

Ask (Oljetrefamilien)

Posted on 29. des 2004 by in Planteliv

Ask er eit varmekjært tre. Det fortel kanskje litt om klimaet, når ein i desse dagar kan registrere at asketreet sår seg og spirer som ugras mange stader.

Plassering i kart

Askeknoppen er lett å kjenne. Han er stor og heilt svart. Bladet som sprett ut er eit samansett blad (ulikefinna)
Rognebladet er samansett på same måten.
Blada kjem seint om våren og fell tidleg av om hausten.
Askeblomsten har ein fin farge (sjå bildet) og gjer mykje av seg om det er rik blomstring.
Nøttefrukta har lang veng. Frøa sit på treet heile vinteren og spirer ofte ikkje før to år etter blomstring.
Ask veks nord til Nord-Trøndelag, og på Austlandet: nord til Ringsaker/Biri.

Blæremose
På Åsane, mellom Lote og Hennebygda, finn du asketre der det veks blæremose på stammane.

Edellauvtre
Ask er eit edellauvtre som veks raskt og har hard ved. Treet kan bli 20-30 meter høgt.
Ask har veldig seig ved, og er lett å bøye etter dampbehandling.
Treet blir i dag mykje brukt til møblar, innreiing og til golv. Det blir og nytta til verktøyskaft, sportsutstyr og reiskap.
Askeveden brenn godt.

Askelauv og -kvistar var noko av det beste ein kunne gje dyra til for før.

CC BY-NC 4.0 Ask (Oljetrefamilien) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kjersti Rauset 10a 2005
Kjelder: Natur og media elevbedrift v/GU