Alm
Alm høyrer til dei varmekjære trea. Det var vanleg før i tida å nave trea. Unge kvistar vart hogge av treet og brukt som for. Dei gamle trea ber tydeleg preg av dette i dag.
Plassering i kart
Alm er eit stort tre, det største vi veit om var 32 meter høgt. Blada er skeive nedst og har korte stive hår, så dei er ru å kjenne på. Blomstrane sit i små knippe, og i blomsteren er det både mjølknappar og fruktknute. Almen blomstrar tidleg om våren, før lauvet kjem på treet. Frukta er ei lita nøtt med ei brei lauvtynn fruktveng, så ho kan førast lang veg med vinden. Du finn den i urer og tørre stader. Almen er nokså vanleg nord for Beiarn i Nordland, den ligg i fjelldalane opp til 700-800 meter. Av almeveden blir det laga høvlar og andre reiskap.
Før i tida då det var uår og ufredsår nytta dei almebork i mjølet når dei baka brød.
-
Stort almetre. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Blomsterknoppar på alm. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Almetre i Gloppen Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Alm blomstrar på bar kvist Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Blomsterknoppar på alm. Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Almeblomst Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Alm med frø Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Almeblad Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved
-
Ein av mange nava (styva) almar i Kjøsnesfjorden Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Lenge sidan denne almen har vore nava. Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Alm i mars Foto: Svein Hjelmesetcbn
Alm av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.