Vereideflata
Då E-39 over Vereidsflata vart bygd, måtte dei grave ut gravene som låg i det området der vegen skulle gå.
Plassering i kart
Kvinna med gullsmykket
Då vegen over Vereidsflata vart bygd, måtte dei grave ut gravene som låg i det området der vegen skulle gå. Heilt på slutten av utgravinga i 1993 fann dei eit gullsmykke i den største grava. Natta før dei tok smykket ut, sat arkeologane vakt. Berre grunneigaren fekk sjå smykket før det vart teke med til Historisk museum i Bergen.
Kommunevegen gjer ein sving rundt steinringen som låg att på Bakketun etter utgravinga. Det var her Søren Diinhoff fann gullberlokken. Dette smykket fortalde at vi har med ei kvinnegrav å gjere. Det må vere ei kvinne av høg rang, sidan ho åtte noko så flott, og endå til fekk det med seg i grava!
Kommunen tykte det var ein god ide å ta vare på steinringen. Ingenting skjedde før Utviklingslaget begynte å etterlyse planen.
7. juni 2004 var det synfaring. Fylket, kommunen og utviklingslaget var samde om at no skal arbeidet gjerast.
Gravrøysa er ca 13 m tvers over og ca 1 m høg. Overflata er rein steinsetjing. Ein av dei største steinane er plassert på toppen. Den kan ha vore ein bautastein og markerer no staden for grava.
Informasjonsskilt
Det vart sett opp eit informasjonsskilt med overskrifta:
Kvinna med gullsmykket.
Frå dette skiltet ha eg funne desse opplysningane:
Gullberlokken er eit hengesmykke i gull, ca 2,5 cm langt. Det er laga i filigramsteknikk med spiraltvinna gulltrådar og små gullklaser. Det er funne 24 gullberlokkar i landet vårt: 1 på Vereide, 1 i Luster og resten på Austlandet.
Plasseringa av smykket viser at hovudet låg mot sør. Hellekista var samanrasa, og fleire smykke øydelagde. Alt organisk materiale var oppløyst.
Du bør ta deg ein tur for å sjå gravrøysa og lese det som står på skiltet. Ved buss-stoppen er det og eit skilt om dei arkeologiske utgravingane på Vereidsflata i samband med bygginga av E39.
Vereideflata av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.