Snønipa
Ein nunatagg er ein fjelltopp som stikk opp gjennom ein snøbre. Snønipa som stikk opp frå Myklebustbreen, er eit slikt døme. Dette er høgste toppen i Gloppen. Om du er på dette fjellet, er du 1827 moh. Du kan gå dit både sommar og vinter. Det er vanleg å gå opp frå Stardalen, frå Myklebustdalen eller frå Utvikfjellet.
Plassering i kart
Turen opp
Det er lengst å gå frå Utvikfjellet, men det er brattast og mest stigning frå Myklebustdalen og frå Stardalen. Om sommaren er det farlege sprekker i breen, så då må ein gå i tau. Fram til mai kan ein gå på ski, og ein treng ikkje tenkje så mykje på sprekker. Dette fordi det kjem svært mykje snø i løpet av ein vinter og sprekkene blir oppfylt av årets snø.
-
Snønipa sett frå Eidsstøylen på Sandane. Ein typisk nunatagg. Foto: Svein Hjelmesetcbn
-
Base for tur til Snønipa:Fossheimstøylen Foto: Ole-Morten Mardalcbn
-
Brekulen er passert, men det er langt igjen til toppen. Foto: Ole-Morten Mardalcbn
-
Snønipa i det fjerne og dei fremste blir små Foto: Ole-Morten Mardalcbn
-
Eneleg har elevane frå Idrettslinja ved Firda vidaregåande nådd målet: Snønipa. Foto: Ole-Morten Mardalcbn
Snønipa av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.