Skogfredløs Lysimachia nemorum
Denne gule blomsten kan du finne om du går turen opp til Ytre Åsane, ein av dei to gardane som ligg mellom Lotsberg og Hennebygda. Det er ein av mange sjeldne blomstrar i dette området. Du kan og kome fram på fleire sjeldne orkidear. Det finst også viltveksande lindetre i denne lia.
Plassering i kart
Utsjånad
Ca. 20 cm krypande stengel med gule blomster. Tynne, blanke lysegrøne blad. Smale begerblad, 4 mm lange. Du finn blomsten i lauvskog mellom Telemark – Romsdalen. Her i Nordfjord er blomsten sjelden, men i det frodige området aust for ferjekaia på Lote trivst han. Her er det viltveksande lindeskog med fleire sjeldne orkidear som kvit skogfrue, fuglereier og stortveblad for å nemne nokre. Han blomstrar frå fyrst i juni.
Skogfredløs Lysimachia nemorum av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.