Sidemeny+

Sangsvane (Cygnus cygnus) Litauisk: gulbe Eng.:Whooper swan

Posted on 14. nov 2004 by in Dyreliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Ein vaksen sangsvane og tre ungfuglar.

Sangsvane kan vere her i fylket om vinteren og utover våren, men det er ikkje vanleg at dei rugar her. Knoppsvane er kanskje meir staselege fuglar, men denne fuglen er ikkje observert her enno. Han er imidlertid i sterk vekst, så kanskje tek han ein tur til fylket vårt og?

Plassering i kart

Sangsvane
Sangsvanene høyrer til svanefamilien og har ei heilt kvit fjørdrakt. Arten lever langs kysten og ved innsjøar og elvar. Sangsvanene kan vere her i fylket om vinteren og utover våren, men det er ikkje så vanleg at dei rugar her.

Utsjånad
Sangsvanene har ei heilt kvit fjørdrakt. Ho kan bli opptil 160 cm lang. Halsen hennar er lang og ho har eit gult nebb som skil ho ifrå knoppsvanene som er ganske like. Både når ho flyg og sym så kan ho gje ifrå seg kraftige trompetaktige lydar. Sangsvanene blir for det meste mellom 8 og 12 kg. Det er vanskeleg å sjå forskjell på hannen og hoa.

Hekking
Sangsvanene hekkar for det meste i myrar og sumpområde. Dei vil helst vere ved opne vatn. Både hoa og hannen byggjer reiret. Hekkinga begynner i april eller mai. Hoa legg 4 til 6 egg, som ho rugar i 30 dagar før dei klekkast. Paret held seg så lenge som mogleg ved hekkestaden, men når vatnet blir islagt trekkjer dei til varmare strøk. I Noreg hekkar sangsvanene for det meste i Finnmark og Troms, men det har blitt observert hekking så langt sør som i Østfold. Dei overvintrar enten i isfrie innsjøar og elvar, eller i lune saltvass bukter med mykje vegetasjon, men så snart isen går vender dei tilbake til hekkjeplassen. Det skjer i mars eller april. Sangsvanene lever eit meir tilbaketrekt liv enn knoppsvanene og særleg i hekketida er ho svært sky.

Mat
Sangsvanene et omtrent berre vassplantar. Dei beitar mykje på botnplantar som for eksempel ålgras og tjønnaks og foretrekkjer innsjøar med mykje vegetasjon. Dei trivest også godt ved mindre vatn i skoglandskap.

CC BY-NC 4.0 Sangsvane (Cygnus cygnus) Litauisk: gulbe Eng.:Whooper swan av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kristian Reed 9a1 05.12.2007
Kommune: Sandane