Postvegen gjennom Jølster

Den gamle steinbrua i Svidalen
Eit av dei best bevarte kulturminna av den Trondhjemske postvei i Jølster, ligg i Svidalen. Her finn vi ei gammal steinbru og fleire nyrestaurerte kvernhus langs elva og eit sagbruk som framleis er i drift.
Plassering i kart
Kvernhusmiljø i Svidalen
Den Trondhjemske postvei var hovudvegen for menneska i Jølster før riksvegen kom i 1873. Som det heiter i namnet var dette også postvegen, som gjekk heilt frå Bergen og opp til Trondheim.
John Svidal eig og driv sagbruket som ligg attmed elva, som renn forbi den Trondhjemske postvei. Her sager han til seg sjølv og andre, og tar oppdrag med å snekre paller til f.eks. fiskeindustrien i Florø. I 1991-92 kom det ei tilskot-ordning som gav privatpersonar moglegheit til å få verne gamle hus og John Svidal fekk hjelp av ein landskapsarktitekt som jobba hos fylkesmannen til restaurering. I 1993 begynte arbeidet med å restaurere bygningane og bevare den delen av den Trondhjemske postvei som ligg på Svidal. Over elva går det ei steinbru, som er sjølve merket på at den gamle postvegen går der. Nedanfor brua renn elva ned i kvernhusa og forbi ei smie. Før i tida var sagbruket òg dreve av vatn. I smia lagar John Svidal framleis flotte, gammaldagse hengsler og dørbeslag til hus og hytter.
Av: Ket Fossen
HISTORIKK
Utdrag om Jølster Frå Den trondhjemske postvei, Fylkesprosjekt Sogn og Fjordane.
Gjennom Sogn og Fjordane strekkjer den trondhjemske postvei seg i alt ca. 230 km. Av desse går ca. 155 km over land og ca. 75 km over fjordar og vatn. Ca. 70 km er nedbygde av nyare vegar, eller kome under plogen.
Postvegen var i fyrstninga stiar som tok den snøggaste vegen over fjordar, langs vatn, gjennom dalar og over høgdedrag ofte der geita og kyra hadde funne laglegaste leia. Den samanhengande vegen på nordsida av Jølstravatnet kom i 1857-58.
Kryssningar av fjordar og innsjøar som t.d. Sognefjorden og Jølstravatnet kunne vere vanskeleg i dårleg vær.
I 1820 vert det teke opp å bygge ny veg langs nordsida av Jølstravatnet frå Vassenden til Ålhus og ein del utbetringar vart gjennomførte.
Vegane vart påbyrja i 1830-åra og nådde fram til Ålhus tidleg på 40- talet. Det vart også påbyrja veg vidare mot skei. Vegen var vanskeleg, og i 1872 kom det ein ny veg nede langs vatnet.
Langs veg og med båt
Postvegtraseen gjennom Jølster er ca. 37 km lang, derav vel 22 km landevegen frå Førde grense til Ålhus, og frå Skei til Førde ved Breimsvatnet er vegen ca. 7 km. Frå Ålhus til Skei var robåten det einaste farbare (ca. 15 km) fram til 1857-58. Stykkevis nedbygd og under plogen, særleg frå Skei mot Paulen. Steinbruer ved Svidal og Paulen. Breimsvatn-Reed ca.13 km.
Interessante kulturminne og miljø langs postvegen i Jølster:
Gamal bygningsmasse på Vassenden og kvernhus/saghus ved Svidal bør sjøast i samanheng med postvegen.
Postvegen i dag
Etter at deler av postvegen kom ut av bruk som offentleg veg, har han vore nytta til ulike føremål, m.a. som gards- og skogsveg, og slik han mange stadar ligg utafor allfarveg, er han ein ettertrakta turveg. Dei siste åra har forståinga for postvegen som kulturminne auka. Mange finn både glede og nytte i postvegen og miljøet han representerer. Postvegmiljøet vert rekna og være ein bygderessurs.
Men tilstand og standard på postvegen gjennom fylket er varierande. Ein del stader ligg postvegen under dagens riksveg, andre stader er han bygd ned av og utbetra til gardsveg, og til dels har han kome under plogen. Elles er han merkt med tidens tann, men også menneske si tankeløyse og uforstand gjennom generasjonar har sett stygge merkje.
Kjeldearbeid: Karina Solemdal, Malin Leirvik, Kine Smedsrud
-
Den gamle steinbrua i Svidalen Foto: Anne Torvangerall-rights-reserved
-
Eitt av dei restaurerte kvernhusa ved elva Foto: Iselin Ytrøyall-rights-reserved
-
Jarnbeslaga på kvernhusdøra er laga av John Svidal Foto: Iselin H. Ytrøyall-rights-reserved
-
Rundt eleva er det bygd opp eit kvernhusmiljø Foto: Iselin H. Ytrøyall-rights-reserved
-
Elva renn ut i Jølstravatnet nokre få hundre meter lenger nede Foto: Iselin H. Ytrøyall-rights-reserved
-
Deler av den gamle ferdselsvegen er framleis intakt. Foto: Ket Fossenall-rights-reserved
-
Nærbilete av brua Foto: James Michael Ullebøall-rights-reserved
Postvegen gjennom Jølster av Anne Brit Sande er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.