Sidemeny+

Postvegen gjennom Hyllestad

Posted on 23. nov 2004 by in Ferdsle, veg og sti

Foto: Håkon Haukøycbn

Haustidyll like ved Postvegen.

Mange meiner at ein tur langs den restaurerte delen av Den Trondhjemske Postvei mellom Leirvik og Dale er ein av dei største opplevingane ein kan ha. Berre nokre få stader på denne 40 kilometer lange strekninga er underlaget så ujamt at det er vanskeleg å sykle, og om du må ta turen innom Rv 57 og asfalten, så vil du også her kunne oppleve bilfrie idyllar.

Plassering i kart

Steinbryggja i Leirvik

Når postsendingane mellom Trondheim og Bergen skulle over Sognefjorden, sytte postbåten for det. På nordsida var Steinbryggja i Leirvik landingsplassen, og restar av bryggja og miljøet kring er det framleis spor etter. Steinbryggja er i dag ein naturleg del av utearealet til Leirvik Kro, og om spora ikkje er så synlege, så kjenner i alle fall folket i området til omgrepet Steinbryggja.

Bruene på Ås og Foss

Desse bruene stod ferdigbygde i 1806 – 1807. Av Ås bru står berre att endekar og steinstøtter med mellom anna monogrammet til den dansk-norske kong Christian 7.
Meir imponerande er Foss bru med sine 19 steinkar. Mange forbipasserande stoggar der for å studere og fotografere dette imponerande kulturminnet. På begge sider av brua er det eit solid steinrekkverk som gjekk no9kre alen vidare inn på Postvegen. Dettte vart gjort fordi ”Reisende ikke om natten og i Mørke skal stå i fare for at fejle Broen.”
Foss bru vart eit vakkert prosjekt og i ferdigattesten i Tingboka står det at ”denne bekostelige Broe i alle Maader stærk og forsvarlig opført, ja, endog at indeholde Evig varighed.”

Staurdalsbrekka

I Staurdalen finn vi også at ein parsell av Postvegen, og det var folket frå Losna i Solund som hadde vedlikehaldsplikt på dette vegstykket. Går du opp Staurdalsbrekka i dag, kjem du inn på turløyper som går mot toppen av Rossvikheia der du har fantastisk utsikt vestover mot Åfjorden og Lifjellet. På vegen opp kan du også finne fram til jettegryter, og Løland Leir, ein brakkeleir frå krigens dagar, er ikkje langt unna.

Øvreås – eit høgdepunkt

Høgste punkt på vegstrekkja Leirvik – Dale er på Øvreås. Høgste punkt ligg her 296 meter over havet. Går du litt innovervegen her, vil du finne både rodesteinar og kvilesteinar.
Utsynet er fantastisk, og ønskjer du å utfordre motebakkar, bør du ta turen mot Dalsstølane og Robba.

Skor – vassbruksmiljø og fuglebiotop

I Skor går vegen gjennom eit fantastisk vassbruksmiljø med kvernhus og vass-sag. Alt er rehabilitert og framstår på ein unik måte. I Skor finn du også eit freda våtmarksområde med eit yrande fugleliv. For vanlege fjelltrimmarar er staden ein høveleg utgangspunkt for ein tur på den gamle kyrkjevegen mellom Skor og Øn.

CC BY-NC 4.0 Postvegen gjennom Hyllestad av Håkon Haukoy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kristian Hjelmeland 2004
Kjelder: Nordstrand, Ingemar: Postvegen Bergen - Trondheim 1996. Tidsskrift i høve restaureringa i 1993.
Kommune: Hyllestad