Sidemeny+

Nytt bygg med gamal byggjeskikk

Posted on 25. nov 2004 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Grindbygget står ferdig på Kvernhushaugen.

Folk som kjem opp på Hyllestad ungdomsskule, vil no undra seg over det flotte bygget som er reist på Kvernhushaugen.Er ikkje dette skuret laga slik ein kan sjå på gamle naust og løer ?
Heilt rett – for her vil vi ta vare på gode tradisjonar og solid byggjekunst samstundes som vi sjølv får litt kjensle av korleis det er å bruke saga og svinge øksa.

Plassering i kart

Materialar frå Kvernsteinsparken

Namnet grindhus kjem av at konstruksjonane er samansett av fleire sjølvberande grindar eller bukkar. Til grinda høyrde stavar, betar, stavlegja og sperr. Alt måtte vere av gode og solide materialar som oftast furu, men huset her ved skulen er laga av granmaterialar som er hogne oppi Kvernsteinsparken. Storparten av dette arbeidet er gjort av elevar her ved skulen anten som prosjektarbeid i tilvalstimar eller på fritida.

Stav og orgreping

Når grinda skulle bindast, vart først stavane tillaga. I øvste enden vart grepa or for beten, og denne orgrepinga gjekk så langt ned i staven tilsvarande høgda på beten og stavlegja til saman. Dette var stavøyra.

Tilpassing av betane

Stavane vart så lagde ut så breitt som huset skulle vere, og det vart skore ut i beten på kvar side så at han passa nedi orgrepinga på staven. Dette var betahalsen, og utanom halsen måtte beten vere seks til ti tommar lang. Dette var betahovudet.

Sneibanda

Når stavane og beten var ihopfelte, vart snebanda skorne inn. Dei var om lag tre alner lange ( knapt to meter), og måtte vere særs godt innfelte med svansspor eller hake, og med det same måtte det borast ut hol for naglane.På leskuret vårt vart naglane laga av beinhard ved frå gamle grangreiner.

Stavlegja

Når stavpara var ferdigbundne, vart stavlegja lagt ut. Deretter inndelt, og det vart merkt for stavane. Desse vert så lagt på plass på stavlegja, og det vart skore litt ut i stavlegja for stavøyrene. Med det same vart snebanda på langsidene bundne inn.
Jamt med overkant på bete, vart det skore av stavøyra på innsida, gjerne ein fjerdedel av breidda på staven, og stavlegja kom då til å liggje så langt innpå staven og imot stavøyra.

Hempingastang

Når grinda skulle reisast, vart stavpara slegne i hop og nagla, og dei vart reiste med hempingastenger. Ei etter ei kom grindane opp og vart skora av. Når ei løa eller naust skulle reisast, trongst det 4 –5 mann om arbeidet skulle utførast rimeleg greitt.

Opningsfest

Onsdag 13. april 2005 vart grindbygget på Kvernhushaugen offisielt opna med mykje folk til stades – alt frå toppleiinga i kommunen til minste læresvein.Festsuppe vart servert or ein diger koparkjel heta av beste bjørkeved, og arbeidskarane og basar fekk velfortente godord og kursbevis.
Ein gild dag for skulen, og eit solid prov på kva ein gjeng kan få til med litt planlegging og god samhandling.

CC BY-NC 4.0 Nytt bygg med gamal byggjeskikk av kristian_hjelmeland er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kristian Hjelmeland/Håkon Haukøy - 2005
Kjelder: Sogeskrift for Osterøy 2004
Kommune: Myklebust