Sidemeny+

Kvit skogfrue (Cephalantera longifolia) Narrow-leaved helleborine

Posted on 3. nov 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Kvit skogfrue finn du på Åsane i Eid kommune... men og i Gloppen.

Dette er ein skjeldan orkide som veks nokre få stadar i Nordfjord, mellom anna finn du blomsten på veg opp til Ytre Åsane på Lote. Planten likar seg best på kalkgrunn.

Plassering i kart

Utsjånad
Kvit skogfrue er ca 30 cm høg. Stengelen er snau med mange smale blad. Kvite fine blomstrar med rund leppe som ytterst er farga gul. Blomstringstid er i juni. Dette er ein kalkkrevjande plante, som du finn i krattskog frå Buskerud til Sør-Trøndelag.

Andre typar skogfrue
Det finst og raud skogfrue med raude fine blomster. Dersom desse to skogfruene veks i same området, kan dei bli kryssa med kvarandre og det vert ein hybrid med rosa blomster.
Fyrste funnet av kvit skogfrue var på Gotland og vart publisert i 1662.

CC BY-NC 4.0 Kvit skogfrue (Cephalantera longifolia) Narrow-leaved helleborine av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2007
Kjelder: Johannes Lid Flora og Den virtuella floran
Kommune: Lote