Sidemeny+

Gåsefot, Paddfot (Asperugo procumbens)

Posted on 11. nov 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetcbn

Gåsefot

Gåsefot er ein heller sjeldan eittårig plante som ein kan finne fleire stader i Lærdal. Her finst det mage hellerar som sauene ofte går inn under i dårleg ver. Slike plassar , Helleren nedom Sjurhaugen, og ein del slike stader langs den populære stien frå Hedler til Stødno.

Plassering i kart

Utsjånad
Planten høyrer til rubladfamilien. Til den familien høyrer og forglemmegei som mange fleire kjenner.
50 cm lang. Liggande stengel med nedvendte broddar (krokar). To til tre ovale blad ved kvart ledd. Små blomstrar som ofte sit parvis. Fargen på dei traktforma blomane er blåfiolett. Begeret veks etter blomstringa til eit bleikgrønt hylster rundt frukta. Du kan sjå planten i blomst både i juni og juli.

Utbreiing
Temmeleg sjelden. Lids flora seier: Dei fleste stader ikkje vanleg. Planten kan vekse opp til 1000 moh på Dovre og i Jotunheimen.

CC BY-NC 4.0 Gåsefot, Paddfot (Asperugo procumbens) av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Svein Hjelmeset 2006
Kjelder: Lids flora, Blomster Wolfgang Lippert/Dieter Podlech