Sidemeny+

Flekkmarihand (Dactylorhiza maculata) Heath Spotted-orchid

Posted on 20. nov 2004 by in Planteliv

Foto: Svein Hjelmesetall-rights-reserved

Flekkmarihand

Flekkmarihand er ein av dei vanlege orkideane i Nordfjord. Du finn han helst på våte stadar; myrar og liknande. Det er fleire fargevariantar av han. Nokre er nesten heilt kvite i fargen, medan andre er meir lilla.

Plassering i kart

Utsjånad
Flekkmarihand er ein fleirårig plante i marihandfamilien. Planten har rotknoll, grann stengel og grøne blad med mørke flekkar. kronblada er fiolette, frå bleik til kraftig farga. Det finst mellomformer av flekkmarihand, smalmarihand og strandmarihand. Det er òg vanskeleg å skilje flekkmarihand og skogmarihand.

Utbreiing
Om ikkje dette er Noregs vanlegaste orkidé, så er det i alle fall den ein ser oftast. Han veks frå nede i fjæra og langt opp i fjellet, og han er utbreidd heilt frå Lindesnes til Nordkapp. Du finn han helst på kalkfattig jord, i myr og i fuktig mark
Grunnen til at flekkmarihand er så vanleg, er at han er «altetende». Flekkmarihand likar å ha det litt fuktig, men ellers trivst han stort sett overalt. Det er likevel vanlegast å finne flekkmarihand i kystheiane på Vestlandet og i Nord-Noreg.

Tradisjonell bruk.
Flekkmarihand vart tidlegare, som så mange andre orkidéar, nytta som potensfremjande middel. Ekstrakt frå planten er også brukt mot utslett, tannpine, augesjukdommar og tuberkulose. Den har også tilhøyrt trolldomsmedisinen.

CC BY-NC 4.0 Flekkmarihand (Dactylorhiza maculata) Heath Spotted-orchid av Svein Jan Hjelmeset er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Ruben Skinlo 2008
Klassetrinn: 8. kl