Sidemeny+

Fangetransport langs Postvegen

Posted on 23. nov 2004 by in Ferdsle, veg og sti

Foto: Håkon Haukøycbn

Foss bru, eit par kilometer før Leirvik. Eit verdig prov på tidlegare solid arbeid og vegbyggjarkunst.

Jens Amundsen Fenstad var ein vidgjeten falskmyntar. Dette makta han fordi han var ein meister i å teikne og etterlikne ort- og dalarsetlar. Men dette var eit alvorleg brotsverk, og han vart dømd til døden ikkje mindre enn fire gonger, men tre gonger vart dødsdommane omgjorde til slavearbeid på livstid.

Plassering i kart

Fenstad kjem til Systad

I september 1819 vart Fenstad transportert langs Postvegen til Bergen, og passerte såleis gjennom kommunen vår.
Seint om kvelden 28. september kom Fenstad saman med to vakter ridande til postgarden Systad i Hyllestad. Han var skikkeleg sikra med jernlenkjer både om halsen og livet, men hendene og føtene var fri.
Neste morgon bar det vidare ned til Leirvik med postbonde Halvor Gundersen Syestad som førar. Under ein liknande transport året før hadde falskmyntaren synt eksemplarisk framferd, men postbonden på Systad var ikkje trygg på kva slike skjelmar kunne finne på om høvet baud seg, så på alle voner tok Syestad med seg ei kårde i handa.

Forsvann i svarte natta

Turen gjekk greitt, og i Leirvik vart Fenstad overlevert til skysskaffar Hans Rasmussen Leervig som skulle syte for reisa vidare til lensmannen i Kråkevåg i Solund.
Men på grunn av uver måtte reisa utsetjast, og under opphaldet i Leirvik såg falskmyntar Fenstad sin sjanse til å stikke av og forsvinne i svarte natta.
No vart han verande ein fri mann til nyårsnatta 1819/20, men vart då teken i Slidre i Valdres.

Fælsleg dom til slutt

Turen gjekk no att mot Bergen og Bergenhus festning, men der held Fenstad fram med «hobbyen» sin, og 9. november 1825 vart han halshoggen på Fredriksberg festning på Nordnes i Bergen.

CC BY-NC 4.0 Fangetransport langs Postvegen av Håkon Haukoy er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Kristian Hjelmeland 2004
Kjelder: Nordstrand, Ingemar: Postvegen Bergen - Trongheim. 1996. Tidsskrift om "Den trondhjemske postvei". 26. juni 1993.
Kommune: Systad